Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Om meg

Hei, eg heiter Nina Kristin Haugen. Eg vart utdanna sjukepleiar i 1992 og i juni 2016 var eg ferdig utdanna hudsjukepleiar ved Senzie Akademiet i Drammen.

Eg har hatt eit sterkt ynskje om å bruka kompetansen min til noko eg brenn for og som engasjerar meg. Huden er kroppen sitt største organ. Korleis huden, spesielt i ansiktet ser ut, har stor betydning for korleis ein kjenner seg. Eg er ikkje opptatt av at ein skal ha ein feilfri utsjånad, men at hudprodukt og behandling kan gjera huden betre enn den i utgangspunktet var.

Visjonen min er at kundane opplever ein positiv forskjell.

Hausten 2015  byrja eg på Senzie akademiet, som er den einaste hudpleieskulen i Norden med studiepoeng. Senzie Akademiet  satsar spesielt på 1. års videreutdanning av sjukepleierar innan dermatologi og estetiske hud behandlingar. Etter eg byrja på skulen starta eg opp Etne Hudhelseklinikk. Her er du hjarteleg velkommen til behandlingar og kjøp av medisinske hudpleieprodukt. 

Mitt mål er fornøyde kundar gjennom virksame behandlingar og god oppfølgjing.

Dr. Elin Hundhammer Vågen er klinikkens lege. Eg samarbeidar og med hudlegar i Haugesund   

Etne Hudhelseklinikk er medlem av:

NSF - Norsk sjukepleiar forbund

NPE - Norsk pasientskade erstatning

NORFEM- Norsk Forening for kvalitet i Estetisk Medisin

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Personvernerklæring

Logg inn